Omslag - Begynnelser

Begynnelser

av Carl Frode Tiller

Beskrivelse av boken

Miljøvernaren Terje ligg på sjukehuset etter å ha tatt sitt eige liv. Vi følger han bakover i tid, først som vaksen, deretter som ungdom og til slutt som barn. Gradvis blir vi kjente med ei sår familiehistorie, Terjes glødande kjærleik til naturen og alle vala han tok eller ikkje tok. Kvifor blir eigentleg livet som det blir, og kva er samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet vi alle er ein del av? "Begynnelser" er ein vakker og svært aktuell roman om den komplekse menneskenaturen og naturen vi held på å øydelegge. "Først da sommarfuglen letta frå raudkløveren og eg prøvde å følge han med blikket mens han flaksa med rykkvise sikksakkbevegelsar innover i skogen, merka eg at auga mine var fylte opp av tårer. Vi menneske burde utvide nestekjærleiksbodet, tenkte eg, vi burde leve slik at dei andre artane saknar oss den dagen vår art er borte frå kloden."

Detaljer

Forfatter mm Carl Frode Tiller
Forlag Aschehoug
Format Innbundet
Utgivelsesår 2017
Kategori Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
ISBN/EAN 9788203362590
Antall sider 341 sider