Omslag - Fjellgardsliv

Fjellgardsliv

av Ola Blæsterdalen

Beskrivelse av boken

NB: UTSOLGT FØR JUL. => NYTT OPPLAG VENTES INN I SLUTTEN AV JANUAR Fjellgardsliv skildrar livet på fjellgarden Blæsterdalen, nord i Atndalen i Folldal kommune. Der har Ola Blæsterdalen, no 98 år, levd livet sitt. Garden ligg 800 moh. innunder Rondane. Atndalen, med sitt karrige jordsmonn og strenge innlandsklima, ligg i grenseområdet for kvar det kan vera fast busetting. Ola skriv om korleis Blæsterdalen har utvikla seg frå ei grasslette med ei løe ved fyrste busettinga sist på 1700-talet, og om si eiga tid der landbruket har gått gjennom eit utruleg hamskifte. Det starta med nesten full sjølberging, basert på utnytting av lokale ressursar frå inn- og utmark. No har vi eit spesialisert landbruk som hentar mykje til drifta langveisfrå. Før hadde vi eit arbeidsfellesskap der unge og gamle på garden måtte vera med. No har landbruket vorte ein einsam arbeidsplass. Ola formidlar, kanskje utan at det har vore bevisst, korleis ein gard gjennom tid utviklar ei form for bærekraft som krev nøysemd, langtidsplanlegging, maurflittig arbeid, hegn om sparsame naturressursar og samhald. Han viser òg kor sårbart liv og helse er. Ola skriv om kvardagen til ein fjellbonde frå ei tid med levekår som er historie for dei som veks opp i dag. Kanskje kan kunnskap frå slik gardsdrift koma til nytte att? Tidene endrar seg raskt.

Detaljer

Forfatter mm Ola Blæsterdalen
Forlag Sollia forlag, Bjørn Brænd
Format Innbundet
Utgivelsesår 2021
Kategori Historie og samfunn
ISBN/EAN 9788293911012
Antall sider 335 sider
Vekt 2000 gram